
Sjukepleiar/vernepleiar til bu- og miljøtenesta
Vik kommune søker sjukepleiar eller vernepleiar til bu- og miljøtenesta.
Me har ledig
- 100 % fast stilling
- 100 % vikariat i eitt år
Stillingane er ledige frå 1. juli 2025.
Stillingane inngår i turnus, med arbeid kvar 3. helg. Den eine stillinga har normalvakter (dag- og seinvakter), medan den andre stillinga går i langvakter på 12 timar, både vekedagar og helg.
Om arbeidsstaden
Kommunen er liten men tenkjer stort, og bygger nye og moderne lokale med sjukeheim, lokale til heimetenester, psykiatri, psykolog, institusjonskjøkken, dagtilbod, rehabilitering og omsorgsbustader. Bli med på spanande framtidsretta utvikling i kommunen!
Krav til kompetanse
Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
Personlege eigenskapar
Me søker deg som kan gjere kvardagen god for andre, og har desse eigenskapane:
- Fagleg engasjert
- Fleksibilitet og godt humør
- God i kommunikasjon, relasjon og samarbeid med andre
- Evne til å integrere praktiske gjeremål i utforminga av tenestetilbodet
Vidare er det ein fordel om du:
- har førarkort
- har gode norskkunnskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Løn etter kommunalt avtaleverk.
Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Den som vert tilsett må levera politiattest av ny dato.
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast i elektronisk i søknadsportalen. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og arbeidserfaring blir lasta opp med søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Søknadsfrist:
25.06.2025
Tiltreding:
01.07.2025
Arbeidsstad:
Vik kommune - helse og velferd
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://https://www.vik.kommune.no/Adresse:
Fjordavegen 1 6893 Vik i Sogn