Vik kommune Heimebaserte tenester, open omsorg 2

Helsefagarbeidar helgestilling

Helsefagarbeidar

Vik kommune har ledig 4 helgestillingar som helsefagarbeidar i Bringebærhagen. 3 av stillingane er faste, og 1 er eit vikariat på inntil 1 år. Stillingane er ledig frå snarast. 


Om arbeidsstaden

Kommunen er liten men tenkjer stort. Me byggjer nye og moderne lokale med sjukeheim, og lokale til heimetenester, psykiatri, psykolog, institusjonskjøkken, dagtilbod, rehabilitering og omsorgsbustader. Bli med på ein spanande og framtidsretta utvikling i kommunen!

 
Me tilbyr

  • Varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling
  • Tilskot til flytting og buutgifter kr 40 000,- årleg i to år
  • Tilrettelegging for relevant vidareutdanning og sirkulering mellom ulike avdelingar om ynskjeleg
  • Årsturnus
  • Dyktige kollegaer og godt tverrfagleg samarbeid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Arbeidsoppgåver

  • Utføra arbeidsoppgåver i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga
  • Heilheitleg pleie og omsorg, kartleggingar, behandling og observasjon av brukarar, med fokus på brukarmedverknad
  • Vera pådrivar for eigenmeistring
  • Deltaking i ulike prosjekt
  • Dokumentasjon, laga og evaluera tiltaksplanar 


Me søkjer

Me søkjer deg som er helsefagarbeidar, og som ynskjer å gjera kvardagen god for andre. Stillingane vert opna for søkjarar med anna relevant utdanning og/eller erfaring. 

 

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Me ynskjer også søkjarar under utdanning, som får autorisasjon i nær framtid
  • Stillingane kan opnast for søkjarar med anna relevant utdanning/erfaring
  • God norsk munnleg og skriftleg kompetanse
  • Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing


Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og positiv
  • Du er ryddig, strukturert og systematisk
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, og tek ansvar
  • Du er fagleg trygg, modig og raus, og evnar å gjera tenesta, tilsette og brukarar gode
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv
  • Du er løysingsorientert med god evne til gjennomføring

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring må leggast ved søknaden.

Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.

Del på:

Referansenummer:

25/1628

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

11.01.2026

Tiltreding:

Frå snarast

Arbeidsstad:

Bringebærhagen

Kontaktpersonar:

Laila Bøthun

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 91751217

Tove Lislelid

Stilling: Tenesteleiar

mob: +47 46934640

Adresse:

Fjordavegen 1 6893 Vik i Sogn

Kart: