Vik kommune

Kokk på Vik sjukeheim

Kokk

Vik kommune har ledig stilling som kokk i eit vikariat på Vik sjukeheim i tida 01.02.2026 - 31.05.2026 med høve til forlenging. 

Institusjonskjøkkenet i Vik er nyinnflytta i moderne lokale. Arbeidstida er dagtid måndag til fredag. Kjøkkenet leverer varm middag alle kvardagar til både sjukeheim og heimebuande, samstundes som ein har produksjon av kok-kjøl måltid som vert servert på helg og høgtid.

Me har ledig sjukevikariat med varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar.

Vår arbeidsdag er variert og spanande!

Me tilbyr gode vilkår for søkjarar med relevant kompetanse.



Om arbeidsstaden

Kommunen er liten men tenkjer stort, og bygger nye og moderne lokale med sjukeheim, lokale til heimetenester, psykiatri, psykolog, institusjonskjøkken, dagtilbod, rehabilitering og omsorgsbustader. Bli med på spanande framtidsretta utvikling i kommunen!

 
Me tilbyr

  • Dyktige kollegaer og godt tverrfagleg samarbeid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Me søkjer

Deg som er utdanna kokk og ynskjer å arbeida på eit moderne institusjonskjøkken med gode kollegaer. 

 

Krav til kompetanse:

  • Fagbrev som kokk
  • Fordel med kjennskap til kok-kjømetode, men ingen krav
  • Fordel med kjennskap til arbeid på institusjon, men ingen krav
  • God norsk munnleg og skriftleg kompetanse

 

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og positiv.
  • Du er ryddig, strukturert og systematisk.
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, og tek ansvar. 
  • Du er fagleg trygg, modig og raus, og evnar å gjera tenesta, tilsette og brukarar gode.
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter.
  • Du er løysingsorientert med god evne til gjennomføring.

 

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring må leggast ved søknaden.

Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.

Del på:

Referansenummer:

25/1629

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

07.01.2026

Tiltreding:

01.02.2026

Arbeidsstad:

Vik sjukeheim

Kontaktpersonar:

Lilly Torget Nesse

Stilling: Tenesteleiar

mob: +47 90951156

Adresse:

Fjordavegen 1 6893 Vik i Sogn

Kart: