Vik kommune

Bruk sommaren som ferievikar i helse- og velferdssektoren i Vik kommune

Ferievikarar innan helsesektoren

Helse- og velferdssektoren treng sommarvikarar i perioden frå 15. juni - 2. august 2026. Me kan tilby ulik typar stillingsstorleik og turnusar.

Kommunen er liten, men tenkjer stort, og har heilt nye og moderne lokale med sjukeheim, heimetenester, psykiatri, institusjonskjøkken, dagtilbod, rehabilitering og omsorgsbustader. Til delar av tenesta må søkjaren ha førarkort og politiattest. Me tilbyr sommarjobb med varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar. Somatisk avdeling med Kommunal Akutt Døgnplass (KAD)-rom, demensomsorg både på sjukeheim og i heimeteneste, dagsenter, palliasjon og miljøbehandling. Kommunen treng ferievikarar til desse arbeidsplassane: 

  • Vik sjukeheim; pleieavdeling og kjøkken
  • Heimebaserte tenester 1; heimesjukepleie og heimehjelp (førarkort)
  • Heimebaserte tenester 2; bu- og miljøteneste (førarkort til delar av tenesta)
  • Legekontoret, laboratoriet og resepsjon 

Kvalifikasjonskrav

  • Studentar innan helsefag (elevar på VGS helsefag kan søkja det året dei fyller 18)
  • Elevar, studentar og pleiemedarbeidarar over 18 år for arbeid i pleie og i miljøteneste
  • Til institusjonskjøkken søkjer me etter kokk, elev på restaurant og matfag, men andre kan også søkje
  • God munnleg og skriftleg kompetanse i norsk
  • Krav om politiattest
  • Krav om førarkort til delar av tenesta

Me tilbyr gode vilkår for søkjarar med relevant kompetanse innan helsefag.

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • Løn etter kommunalt avtaleverk
  • Krav om politiattest i pleietenestene
  • Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar

Oppgje i søknaden kva for avdeling/arbeidsplass du ynskjer å arbeida i, samt om du har ynskje om ferie/fri i arbeidsperioden. Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden. 

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.

Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.

 

Vel avdelinga nedanfor for å starta appen:

Del på:

Referansenummer:

26/169

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

09.03.2026

Tiltreding:

15.06.2026

Arbeidsstad:

Helse og velferd