Vik kommune

Sommarvikariat for sjukepleiar, vernepleiar eller student i vakre Vik i Sogn

Sjukepleiar, vernepleiar eller student

Helse- og velferdssektoren treng sommarvikarar i perioden frå 15. juni - 2. august 2026, med moglegheit for forlenging til 9. august. Me kan tilby ulik typar stillingsstorleikar og turnusar. Til dømes langvakter med høve til kommunal overnatting.

Kommunen er liten, men tenkjer stort, og yter tenester i nye moderne lokale med sjukeheim, heimetenester, psykiatri, institusjonskjøkken, dagtilbod, legekontor, rehabilitering og omsorgsbustader. Sjukeheimen har avdelingar med somatiske utfordringar, Kommunal Akutt Døgnplass (KAD)-rom, demensomsorg og palliasjon. I heimebaserte tenester har ein omsorgsbustad med heildøgns pleie, dagsenter, heimesjukepleie og miljøbehandling.

Sektoren søkjer særskilt etter sjukepleiarar, vernepleiarar eller studentar i desse faga. Som sjukepleiar- eller vernepleiarstudent med fullført 120 studiepoeng kan ein få utvida ansvar og utføra sjukepleiefaglege oppgåver, gruppeansvar med meir, med støtte frå sjukepleiarkollega på anna gruppe. Helse og velferdssektoren tilbyr sommarjobb med varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar i ein spanande arbeidsdag.

Vik kommune treng ferievikarar til desse arbeidsplassane: 

  • Sjukeheim; pleieavdeling
  • Heimebaserte tenester 1; heimesjukepleie
  • Heimebaserte tenester 2; bu- og miljøteneste, psykisk helse 

Kvalifikasjonskrav

  • Sjukepleiar, vernepleiar og studentar innan desse faga
  • God munnleg og skriftleg kompetanse i norsk
  • Krav om politiattest
  • Krav om førarkort til deler av tenesta

Løns- og tilsetjingsvilkår

 Me tilbyr gode vilkår for søkjarar med relevant kompetanse innan helsefag.

  • Lønn etter kommunalt avtaleverk
  • Krav om politiattest
  • For ferievikar som studerar innan sjukepleie, vernepleie og medisin har me eigne lønnssatsar etter kor langt ein har kome i utdanninga
  • Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar

Oppgje i søknaden kva arbeidsplass du ynskjer å arbeida i, og om det er ønskje om ferie/fri i arbeidsperioden.

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring vert lagt ved søknaden. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.

Vel avdelinga nedanfor for å starta appen:

Del på:

Referansenummer:

26/178

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

09.03.2026

Tiltreding:

15.06.2026

Arbeidsstad:

Helse og velferdssektoren