Vik kommune

Vik kommune har ledig fleire stillingar som turistvertar og hamnevertar for sesongen 2026

Turistvertar og hamnevertar

 

Vik kommune søkjer etter positive og serviceinnstilte medarbeidarar til turistinformasjonen og cruisehamna for sesongen 2026.

Har du fylt 18 år og kan eitt eller fleire framandspråk, eller ønskjer du ei praktisk og variert deltidsstilling? Er du fleksibel, likar å møte nye menneske og trivst i ein aktiv kvardag? Då vil me gjerne høyre frå deg! Me ser etter turistvertar til Vik Turistinformasjon på Kristianhus og hamnevertar/vakt og sikring ved Vik cruisehamn. Du kan vera student, pensjonist, ha annan jobb ved sida av, eller berre ønskje ein spanande deltidsjobb i sommar- og haustsesongen. Naudsynt opplæring vil bli gitt.

 

Om sesongen
Cruisesesongen i Vik går frå 16. april til 28. oktober 2026. Me treng folk som kan jobbe heile eller delar av perioden, og er spesielt interesserte i deg som har høve til å ta vakter ved cruiseanløp. Turistinformasjonen skal vera open frå 17. mai og ut august.


Kva me ser etter
Me ønskjer å kome i kontakt med deg som:
• har fylt 18 år
• er serviceinnstilt og positiv
• trivst med å møte menneske frå heile verda
• er fleksibel og kan jobbe etter behov
• kan tysk eller engelsk, eller gjerne begge 
• likar både praktiske oppgåver og arbeid med informasjon

 

Løns- og tilsetjingsvilkår

Løn etter kommunalt avtaleverk.

 

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

 

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.

Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.

 

 

Del på:

Referansenummer:

26/504

Fylke:

  • Vestland

Heiltid/Deltid:

Deltid

Søknadsfrist:

12.04.2026

Tiltreding:

16.04.2026

Arbeidsstad:

Samfunn

Kontaktpersonar:

Ole Petter Ramberg

Stilling: Kst. kommunalsjef samfunn

Adresse:

Fjordavegen 1 6893 Vik i Sogn

Kart: