Flatbygdi skule har ledige vikariat som lærarar
Lærarar i 200 % vikariat
Vik kommune har ledig 200 % vikariat som lærarar ved Flatbygdi skule i Vik kommune. Stillingane er ledig frå oppstart av skuleåret 2026/2027.
Arbeidsplassen
Flatbygdi er ein 1-10 skule med 230 elevar og 40 tilsette. Skulen er plassert sentralt i bygda, med rv13, Helsetunet, Vik sjukeheim, Vik kyrkje og Vik fengsel som næraste naboar.
Kvalifikasjonskrav
Høgskuleutdanning som allmennlærar, grunnskulelærar eller faglærar.
Personlege eigenskapar
Det vert også lagt vekt på evne til å skape tillit og tryggleik hjå elevane, motivere fagleg og sosialt, leie grupper metodisk og samarbeide med kollega i planlegging og utvikling. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
- Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar
- Avskriving på studielånet jf. vedtak i Stortinget
- Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast i søknadsportalen. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lasta opp saman med søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.
Del på:
Referansenummer:
26/508
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
19.04.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Flatbygdi skule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://https://www.vik.kommune.no/Adresse:
Fjordavegen 1 6893 Vik i Sogn