Vik kommune

Kulturskulen i Vik har ledig stilling i gitarundervisning

Kulturskulepedagog til gitarundervisning i 20 % stilling

Kulturskulen i Vik kommune er ein liten skule med totalt 1,8 årsverk, men heile 92 elevplassar. Dette gir eit tett og inkluderande miljø med gode moglegheiter for å påverke eigen arbeidskvardag og utviklinga av tilbodet.

Vik kommune søkjer ein engasjert og fleksibel gitarlærar til ei 20 % fast stilling ved Kulturskulen frå 1. august. 

Stillinga inneber undervisning både i grupper og for enkeltelevar. Me ser etter ein lærar som kan tilpasse undervisninga til ulike nivå og behov, og som trivst med å arbeide med barn og unge.

Me tilbyr

  • Ein arbeidskvardag med mening
  • Moglegheit for å kombinere fysisk undervisning med nettbasert undervisning (aktuelt for de som bur langt unna)
  • Eit godt fagmiljø i ein liten, men aktiv Kulturskule
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Sjå meir om kulturskulen sine aktivitetar her: 
https://www.vik.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kulturskule-2/

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan musikk/pedagogikk er ønskjeleg
  • Relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring med undervisning, både individuelt og i grupper
  • Gode samarbeidsevner og fleksibilitet
  • Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Vi oppmodar både nyutdanna og erfarne søkjarar til å søkje.

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.

Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.

Del på:

Referansenummer:

26/762

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Kveld

Søknadsfrist:

31.05.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Kulturskulen

Kontaktpersonar:

Dora David

Stilling: Kulturskulerektor

mob: 97523903

Espen Skjerven Holen

Stilling: Kommunalsjef

mob: +47 90658600

Adresse:

Fjordavegen 1 6893 Vik i Sogn

Kart: