Vik kommune

Vik kommune har ledig 100 % vikariat som tenesteleiar ved Vik sjukeheim

Tenesteleiar ved Vik sjukeheim

Vik kommune har ledig 100 % vikariat som tenesteleiar ved Vik sjukeheim, Vik helse- og omsorgssenter, frå snarast til januar 2028.

Som tenesteleiar får du ansvar for demensavdeling, langtidsavdeling og korttidsavdeling med om lag 30 årsverk. I tillegg vil du ha ansvar for institusjonskjøkenet med om lag 3 årsverk. Du blir ein del av leiarteamet i helse- og omsorgstenesta og får ei viktig rolle i vidareutvikling av tenestene i kommunen.

Om arbeidsstaden

Vik kommune er liten med om lag 2 600 innbyggjarar, men tenkjer stort. Helse- og omsorgstenesta er samla i nye og moderne lokale med sjukeheim, heimetenester, rehabilitering, omsorgsbustader, institusjonskjøkken, dagtilbod og tenester innan psykisk helse. Me har fokus på meistring, rehabilitering, demensomsorg og bruk av velferdsteknologi. Dette gir gode moglegheiter for samarbeid på tvers av fagområde og for å vere med på spennande og framtidsretta utviklingsarbeid.

Det er kort veg til Voss, Sogndal, Førde og Bergen.

 
Me tilbyr

  • Ei sentral leiarstilling med moglegheit til å påverke utviklinga av helse- og omsorgstenestene
  • Eit godt og utviklande leiarfellesskap


Arbeidsoppgåver

  • Leie og vidareutvikle tenesta
  • Drifts-, fag-, personal- og økonomiansvar
  • Turnusplanlegging
  • Avvikshandtering
  • Bidra i kvalitets- og utviklingsarbeid

Krav til kompetanse:

  • Sjukepleiar, eller annan relevant høgskuleutdanning
  • Leiarerfaring er ein fordel og kan i særskilde tilfelle vege opp for manglande sjukepleiarfagleg kompetanse.
  • Kunnskap om aktuelt lov- og avtaleverk
  • Erfaring frå endrings- og omstillingsarbeid er ønskjeleg
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og positiv.
  • Du skapar tillit og byggjer gode relasjonar.
  • Du er ryddig, strukturert og systematisk.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Du er løysingsorientert med god evne til gjennomføring.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Løns- og tilsetjinsvilkår

  • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
  • Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Den som blir tilsett må levera politiattest av nyare dato

 

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring må leggast ved søknaden.

Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.

Del på:

Referansenummer:

26/1523

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

13.12.2026

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Vik sjukeheim

Kontaktpersonar:

Hildegard Valland

Stilling: Kommunalsjef helse og velferd

mob: +47 47264660

E-post: hildegard.valland@vik.kommune.no

Adresse:

Fjordavegen 1 6893 Vik i Sogn

Kart: